Me søkjer rørleggar til vårt team
Vinje Rør AS er ei sertifisert rørleggarbedrift som held til på industriområdet i Åmot, i Vinje. Me hjelper våre kundar med alt innan rørleggarfaget, frå installasjon av varmeanlegg og baderomsinnreiingar til rehabilitering av eldre våtrom og inspeksjon av røranlegg. Våre kompetente og erfarne handverkarar har lang erfaring i faget, og hjelper deg gjerne med ditt neste prosjekt.
VVS Fagmann er Brødrene Dahls kundekonsept for små og mellomstore rørleggarverksemder. Når du vel ein VVS Fagmann-rørleggar kan du føle deg trygg på at det er ein rørleggar med tilgang til eit bredt utval produkt i høy kvalitet.
VVS Fagmann-rørleggaren gjev deg sikker installasjon, full reklamasjonsrett og godkjent dokumentasjon.